Ferie for alle - gratis jule- og nyttårsferie

Røde kors tilbyr gratis jule- og nyttårsferie til familiar med låg inntekt. Feriane arrangerast på Merket Røde Kors senter i Valdres.

Juleferien arrangerast frå 22. til 27. desember, medan nyttårsopphaldet arrangerast frå 27. desember til 1. januar. Informasjon om Merket og aktivitetar hjå dei finn du her.

Tilbodet gjeld for familiar med svak økonomi, med minst eit barn mellom 6 og 13 år. Ferien er eit rusfritt arrangement. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner. Les meir om tilbodet på Røde Kors si heimeside.

Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson. Ta kontakt med frivilligsentralen - dei hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien. Ta kontakt på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller på tlf. 61 36 94 25 / 46 81 64 73, eller kom innom på Vangstunet for ein prat i ordinær opningstid, som er måndag, tysdag og onsdag frå 11.00 til 15.00.

Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.
Frist for å søkje dette ferieopphaldet er 15. november.