Informasjon om harepest

Veterinærinstituttet har påvist harepest (tularemi) hjå fleire harar i Innlandet.  Det er p.t ikkje påvist harepest i Vang kommune, men mellom anna ved Fiskeløyse i Vestre Slidre kommune.

Vang kommune vil difor tilrå at alle følgjer råda frå Fylkesmannen i Innlandet:

  • Ikkje drikke vatn direkte frå bekkar eller vatn i område med harepest
  • Unngå kontakt med sjuke eller sjølvdaude harar eller smågnagarar. Bruk hanskar om du må handtere slike.
  • Ikke fei opp smågnagarlort, men bruk ein fuktig klut og beskytt hendene med gummihanskar
  • Unngå å bli sleika av hundar som har vore i kontakt med sjølvdaude eller sjuke harar og smågnagarar
  • Bruk myggbeskyttelse
  • Følge råd frå Folkehelseinstituttet (lenke under) om sikring av brønnar og oppkomme

Les meir her