Jobbmesse 2020 – Grip moglegheitene!

NAV Valdres inviterer til jobbmesse 6. februar 2020 på Scandic Valdres.

Messa er ein mangfaldig og spennande arena kor du som arbeidstakar har mogelegheit til å møte arbeidsmarknaden i Valdres.

Eit bredt utval bedrifter med rekrutteringsbehov stiller stand. I tillegg vil det vere utstillarar innan utdanning og moglegheiter for arbeid i Europa. Messa er open for alle og historisk sett har messa vore godt besøkt med gode resultater.

Bedriftene som kjem kan ha både ledige stillingar no og framtidige stillingar.
Meir om messa kan du lese her.

Vel møtt!