Ny ordning angåande kontroll av skotpremie frå 1. juli.

Klikk for stort bileteLensmannskontoret i Vang har sagt opp avtalen om kontroll av dyr/ fuglar som kan gje utbetaling av skotpremien. Frå 1. juli  vil det vera landbrukskontoret som tek kontrollen på dagtid medan Ivar Jonny Søndrol kan utføre kontroll etter arbeidstid, etter avtale. Han er å treffe på tlf 975 23 408.

På kontroll skal ein ha med enten heile dyr eller bundet saman 2 føter på fuglar, eller 4 føter på dyr. Desse blir merka med spraymåling.

Det er ikkje skotpremie på grevling.