Økonomisjef - arkivsak 19/360

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete

 

Vang kommune har ledig fast 100% stilling som økonomisjef.
Stillingsinnehavar rapporterer til rådmannen og er ein del av rådmannen si leiargruppe.
Økonomisjefen er næraste overordna for tilsette i økonomiavdelinga.

Hovudoppgåver:

Økonomiplan og rekneskap

  • Utarbeiding av budsjett og økonomiplan og oppfølging av årsbudsjett i
    samarbeid med etatane, herunder delta i årsavslutning av rekneskapen og

utarbeiding av årsmelding

  • Økonomiske analyser
  • Arbeide med gode endringsprosesser
  • Finansforvaltning
  • Førebu saker for politisk behandling
  • Innkjøp

Andre oppgåver:

  • Internkontroll for heile kommunen, herunder informasjonssikkerheit
  • Beredskapsarbeid
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå økonomisjefen sine interesser

            eller arbeidsgjevar sitt behov

Kvalifikasjonar, du bør ha følgjande:

  • Relevant bachelor eller mastergrad frå høgskule /universitet.
  • Erfaring frå arbeid med kommunale budsjett og rekneskap
  • Leiarerfaring
  • Gode datakunnskapar
  • Søkjar må kunne disponere bil.

Personlege eigenskapar:

  • Vilje og evne til å vera ein tydeleg økonomisjef
  • Gode evne til samarbeid, kommunikasjon og gjennomføring
  • Beherske norsk tale- og skriftspråk på ein svært god måte.
  • Utviklingsorientert
  • Personleg eignaheit.

Vang tilbyr:

Triveleg arbeidsmiljø, spanande utfordringar og stor variasjon og breidde i arbeidsoppgåver.

Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kommunal bustad og flyttegodtgjersle.

Vang kommune nyttar nynorsk som skriftspråk.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å ringe rådmann Reidar Thune tlf. 913 15 147.

Søknad merka arkivsak nr. 19/360 blir å sende elektronisk  innan søndag 23.juni.