Vil du bli meddommar?

Arbeidet med å rekruttere meddommarar for ny periode (2021 - 2024) har starta. Innan 01. juli 2020 skal det veljast meddommarar til tingretten, lagmannsretten, jordskifteretten og skjønnsmedlemmer. Søknadsskjema finn du her.

Meddommarar speler ei viktig rolle i vårt rettssystem. Det vert ikkje stilt noko krav til den faglege bakgrunnen til ein meddommar, noko som heng saman med prinsippet om at tiltalte skal "dømmast av sine likemenn".

For å vere meddommar må du:

  • vere busett i Vang
  • vere fylt 21 år, men under 70 år (øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar)
  • snakke og forstå norsk
  • vere lovlydig

Meir informasjon om det å vere meddommar finn du her.

Dersom dette er noko for deg kan du søke her.