Beredskap

Eigenberedskap

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn der vi er vant til at det meste fungerer som det skal. Livet i Noreg er imidlertid heilt avhengig av mellom anna straum, vatn og internett – og nettopp det er vår største sårbarheit.

Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer.

Når samfunnet blir råka av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Dersom fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Derfor ber vi alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. Ved å følgje lenka under kan du lese meir om dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og konkrete døme på korleis du kan klare deg sjølv i minst tre dagar ved ei hending.

Les meir: Du er ein del av beredskapen i Noreg

Ved ei hending

Om du eller nokon du kjenner treng augeblikkeleg hjelp i ein situasjon skal du bruke dei nasjonale naudnummera.

Augeblikkeleg hjelp

  • Politi 112
  • Brann 110
  • Ambulanse 113

Ved mindre hendingar

  • Lokalt politi 02800
  • Lokal legevakt 116 117

Er du utan telekommunikasjon, kan du møte opp på Vangsheimen når legekontoret ikkje er opent. Vang kommune har to satellitt-telefonar til bruk ved bortfall av telefon og internett. Ein telefon er stasjonert på Vangsheimen og ein er på kommunehuset i Vang.

Ved pågåande hendingar som involverer Vang kommune:

  • informasjon blir delt på heimesida til kommunen.
  • ved tap av telekommunikasjon vil kommunen nytte oppslagstavler på Joker Tyinkrysset, COOP Fjellvang, Åsvang skule og Joker Ryfoss for å dele viktig informasjon.

Råka og pårørande kan forvente å finne informasjon om møtestad eller kontaktnummer her på heimesida.

For media: dei som ynskjer å dekke ei hending kan nytte biblioteket på Vangstunet. Kommunehuset vil ikkje vere opent for media under handteringa av ei hending.

Kontaktinfo

Mathilde Anderdal
Beredskapskoordinator
E-post
Telefon 99 52 69 74