Skotpremie i Vang kommune

Landbrukskontoret tek kontroll på dagtid medan Ivar Jonny Søndrol kan utføre kontroll etter arbeidstid, etter avtale. Han er å treffe på tlf. 975 23 408.

Til kontroll skal ein ha med enten heile dyr eller bunde saman 2 føter på fuglar, eller 4 føter på dyr. Desse blir merka med spraymåling.

Presisering:

  • Jegeren må ha avtale med grunneigar/sameige om jakt på eigedomen
  • Heile dyr/fuglar skal kontrollerast av Vang kommune
  • Jegeren har ansvaret for å ta med seg viltet i retur. Jegeren må enten grave det ned eller leggje det i utmark, langt frå bustadtområde og dyrka mark.

 

Vang kommune utbetalar skotpremie på følgjande artar:

Skotpremie
Art: Skotpremie i Vang kommune: Jakttider:
Kråke kr 50 15. juni til 31. mars
Ravn kr 50 10. august til 28/29. februar
Skjære kr. 50 10. august til 28/29. februar
Røyskatt kr. 250 21. august til 15. mars
Mink kr. 250 1. april til 31. mars
Mår kr. 250 1. november til 15. mars
Rev kr. 400 15. juni til 15. april

Det er ikkje skotpremie på grevling.