Vatn og avløp

Vakttelefon

Vakttelefonen handterer akutte hendingar på det kommunale vatn- og avløpsnettet som vasslekkasje, kloakklekkasje, tilstopping av kloakkleidningar m.m.

Vakttelefonen er open heile døgnet, men utanom ordinær arbeidstid er vaktordninga basert på frivillig utrykking.

Telefonnummeret er: 95 30 36 08.

Dersom problemet ikkje er akutt, kan du kontakte Avd.ingeniør vatn- og avløp på dagtid: henrik.holen@vang.kommune.no

Vasskvalitet​

Drikkevatnet i Vang kommune har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi varslar om noko anna.

Dersom det blir sendt ut ei anbefaling om å koke vatnet, bør du fylje Folkehelseinstituttets råd.

Hva bør du gjøre hvis du får beskjed om å koke drikkevannet?

Alle vassverka i Vang kommune nytter borebrønnar som vasskjelde. Vatnet frå borebrønnar er middels hardt og inneheld noko jern og mangan. 

Driftsmeldingar

Vang kommune varslar abonnentar ved viktige hendingar som gjeld vatn og avløp. 

Du får tilsendt SMS dersom du er knytt til kommunalt vatn og avløp og er registrert som eigar i det nasjonale kontaktregisteret for personer eller einheitsregisteret for bedriftar. For å gjere endringar på dette må du gå inn på Nasjonalt kontaktregister og oppdatere kontaktinformasjonen din. Obs: Dette krev bank-id. Vang kommune administrerar ikkje dette.

Ynskjer du at fleire i din husstand eller andre blir varsla ved driftsmeldingar, kan du registere ei tilleggsvarslingsmottakar. Dette kan du gjere på Varslemeg.no.

Endre kontaktopplysningar: Nasjonalt kontaktregister

Legg til mottakar: Varslemeg.no

Gebyr og vassmålar

Alle abonnentar som er tilkopla kommunalt vatn skal ha vassmålar. Årsgebyr både for vatn og avløp er sett saman av ein fast del (abonnementsgebyr) og ein mengdeavhengig del (forbruksgebyr). 

Gebyr: Vatn og avløp

Lokal forskrift gebyrregulativ Vang kommune 

Brunt vatn

  • Vatnet kan vere brunt etter avstenging eller andre hendingar.
  • Endra vasshastigheit i røyra kan føre til at partikler som har sete fast på leidningane fell av og blir transportert med vatnet.
  • Tapp kaldt vatn til det blir klart. Bruk helst krana nærast inntaket. Vent med å bruke vaske- og oppvaskmaskin til vatnet er klart.

Frose vatn

Problem med vassforsyninga - frose vatn?

Kaldt vêr kan skape store problem for huseigarar når vassleidninga frys. Her er nokre enkle tips for å unngå dette - og litt om kva du må gjere dersom leidninga allereie er frosen.
 

Artikkelliste

Kontaktinfo

Vakttelefon vatn og avløp
Telefon 95 30 36 08
Henrik Holen
Avdelingsingeniør vatn og avløp
E-post
Telefon 46 85 76 97

Opningstider

Måndag–fredag
08:30–15:30

Påska 2024:
Måndag 08:30–15:30
Tysdag 08:30–15:30
Onsdag 08:30–12:00
 

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres