Personvernerklæring

Elektronisk lagring av personopplysningar er regulert i lov om behandling av personopplysningar. Vi vil difor fortelje korleis omsynet til personvernet blir behandla i våre elektroniske skjema.

Definisjonar:

•Personopplysning: opplysningar og vurderingar som kan knyttast til einskildperson
•Behandlingsansvarleg: den som bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar, og kva hjelpemiddel som skal brukast (Vang kommune)
•Databehandlar: den som behandlar personopplysningar på vegne av den behandlingsansvarlege (ACOS AS)
Denne erklæringa gjer greie for korleis personvernet vert teke vare på av ACOS AS som databehandlar av personopplysningar.

ACOS AS ønskjer å sikre at du som brukar av tenestene skal føle deg trygg på at gjeldande lover og reglar vert følgt og at datatryggleiken er ivareteken. Sikker behandling av data vil til ei kvar tid dokumenterast etter gjeldande lovverk.

ACOS AS er berre databehandler av personopplysningane, medan det er mottakande instans (Vang kommune) som er eigar av data og er behandlingsansvarleg.

Føremålet med behandlinga av personopplysningar

Opplysningar som du fyller inn vert sendt til behandlingsansvarleg. Opplysningane gjer behandlingsansvarleg i stand til å utføre saksbehandlinga av førespurnaden din. Dei innsamla opplysningane om deg vert behandla på same måte som om du hadde sendt inn eit papirskjema.

Lov om behandling av personvern

Denne personvernerklæringa følgjer føresegnene i Lov om behandling av personvernopplysninger (personopplysingsloven) av 01.01.2001 med tilhøyrande forskrift.

Personopplysningar

Dersom du føler at personvernet ditt er sikra ved denne erklæringa, kan du samtykke til lagring ved oppretting av ein brukarprofil. Samtykket vert gjeve som godkjenning av våre retningsliner for personvernet og som samtykke for behandlingsmåten av opplysningane.

Lagring av opplysningar

Om du loggar deg på med e-post, kan du når som helst velge å avbryte utfyllinga av skjermdialogen og eventuelt hente den opp att for vidare utfylling seinare.

Opplysningane du har tasta inn, vil ligge lagra på vår server, og vil ikkje vere tilgjengelege for mottaker (kommunen) før du bestemmer deg for å sende inn søknaden.

Når du har valgt innsending, har du samtidig stadfesta at mottakar kan motta opplysningane. Så snart søknaden er oversendt behandlingsansvarlig, blir innhaldet sletta frå databehandler sin server (seinast innan tre døgn).

Sikker linje

Alle opplysningar som vert overført mellom di datamaskin og vår server foregår over sikker kryptert linje (SSL). Løysinga tilsvarar tryggleiken som er brukt i nettbankane.

Rett til innsyn og rett til sletting av personopplysninger

Du kan når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg. Dette gjer du ved å ta kontakt pr e-post: post@vang.kommune.no

Dersom du finn opplysningane unøyaktige eller ufullstendige, kan du kreve å få opplysningane sletta. Dersom du har oppretta ein brukarprofil i løysinga, kan du sjølv foreta slik sletting. Dette er jf. Personopplysningslova § 18, og retting etter samme lov § 27 og § 28.

Unnlatt samtykke

Dersom du ikkje samtykker i at personvernet er godt nok ivareteke, vil du ikkje kunne nytte sjølvbeteningsportalen - ACOS Søknadssenter - til elektroniske søknadsskjema. Du må då vende deg til kommunen på anna måte.

Aldersgrense

Du stadfestar at du er over 18 år.

Spørsmål?

Dersom du har spørsmål om personvernerklæringa, ta kontakt med kommunen i tlf. 61 36 94 00 eller e-post: post@vang.kommune.no