Tyinkrysset reinseanlegg - oppdatering april 2024

Vang kommune har inngått avtale om byggentreprisen for utviding av reinseanlegget på Tyinkrysset. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å utvide reinseanlegget til å ta imot avløp frå nye tiltak innanfor forureiningsområdet på Tyinkrysset.  Kommunen har fullt fokus på arbeidet som no startar opp og gjer det ein kan for å sikre framdrift og kvalitet på arbeidet. 

 

Byggentreprise

Vang kommune og Vang bygg har inngått avtale om byggentreprisen for utviding av Tyinkrysset reinseanlegg.  Kontrakt vart signert 22. februar og  ferdigstilling av reinseanlegget med prøvedrift er sett til februar 2025. 

 

Sikring mot sørpeskred

Eksisterande reinseanlegg ligg i eit område utsett for sørpeskred. Ved utviding av anlegget har det vore behov for oppdatert skredvurdering. Norconsult har utarbeida ny skredrapport med forslag til sikringstiltak for sørpeskred frå bekk. Då ein treng alt tilgjengeleg areal på nordsida av E16 til reinseanlegget og drift av dette, er det funne ei løysing som inneber tiltak på sørsida av E16.  

 

Nye tilkoplingar til reinseanlegget

Vang kommune har ikkje heimel etter plan- og bygningslova §§ 27-1 og 27-2 til å gje byggeløyve før høvesvis avløpsreinsekapsiteten på Tyinkrysset reinseanlegg blir utvida. 

Plan- og bygningslova § 27-2:

«Før opprettelse eller endring av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent, skal bortleding av avløpsvann være sikret og i samsvar med forurensningsloven. Rettighet til å føre avløpsledning over annens grunn, alternativt til å knytte seg til felles ledningsnett, skal være sikret ved tinglyst dokument eller på annen måte som kommunen godtar som tilfredsstillende.»

Kommunal- og distriktsdepartementet har i ein tolkningsuttale på regjeringen.no den 3. november 2022, skrive følgjande: 

«Ordlyden i pbl. § 27-2 første ledd krev at bortleiing av avløpsvatn «skal» være «i samsvar med forureiningslova» både før frådeling av eigedom til byggverk blir godkjent, men også før «oppføring av bygning blir godkjent». Etter bestemmelsen er det derfor eit absolutt krav at handteringa av avløpsvatn må være i samsvar med forureiningslova før løyve kan gis. Departementet kan derfor ikkje sjå at kravet kan oppfyllast ved at det blir stilt vilkår i ein byggetillatelse om at tilkopling til offentleg avløpsanlegg og innflytting i bygningen ikkje skjer før det offentlege avløpsanlegget tilfredsstiller krava etter forureiningslova.» 

Avløpsløysinga må med andre ord ligge føre før kommunen kan gje løyve, og avløpet må førast inn på offentleg nett, jf. utsleppsløyvet. Med bakgrunn i dette er det dessverre ikkje mogleg for Vang kommune å gje fleire igangsettings- eller rammeløyve for nye bygg eller tilbygg som skal koplast på avløpsnettet eller som aukar bruken.  Dette vil gjelde innanfor forureiningsområdet på Tyinkrysset fram til reinseanlegget er ferdig utbygd. Reinseanlegget er planlagt ferdigstilt med ei prøvedriftsfase februar 2025.

 

Utsleppsløyve

Vang kommune ventar på endeleg avgjerd frå Statsforvaltaren i Innlandet på utsleppsløyve for Tyinkrysset forureiningsområde. Det er eit prinsipp i norsk lov at forureining ikkje er lov og at ein må ha tillating frå forureiningsmyndigheit til å forureine på det nivået som det leggast opp til på Tyinkrysset. Statsforvaltaren har i eit utkast til løyve gitt strenge føringar for korleis Vang kommune må drifte anlegget samt vilkår for leidningsnett og overvaking/undersøkingar for korleis forureininga påverkar naturen.