Borgarleg vigsel

Kommunen tok frå 01.01.2018  over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg. Ordførar og varaordførar i Vang har mynde til å vigsle eit brurepar. Ta kontakt med kommunen for å få vite kvar og når det er mogleg å gifte seg.

Kriterium

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Ekteskapslova kapittel 1: Vilkår for å inngå ekteskap.

Rettleiing

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del skjema:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  4. Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Det vil truleg vere ei viss behandlingstid, så start førebuing i god  tid før bryllaupet

Skatteetaten: Ekteskap i norge.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Bestilling av vigsle

Etter at de har fått prøvingsattest frå skatteetaten, kan de ta nærare kontakt med kommunen.

De må ha gyldig legitimasjon for å tinge vigsel hos kommunen.

De må ha to vitne, jf. forlovarerklæring, som må vere til stades under seremonien.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan etter nærare avtale  tilpassast med til dømes tekst og musikk i tillegg.

Kommunen sender deretter  vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet med kopi til brureparert. Meldinga er førebels vigselsattest inntil vigseldsdokumentet kjem frå  Folkeregisteret.

Me oppfordrar til å bruke E-dialog for sikker sending av dokument som inneheld sensitive opplysningar.

Skjema for bestilling av tid til vigsel

Kontakt kommunen gjennom E-dialog

Vigselsstad og pris

Tilbodet er gratis dersom minst ein i paret bur i Vang. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet. Vigslar gjennomførast då  som hovudregel på kommunehuset i Vang mellom kl. 12-16 fredagar.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv. Ta eventuelt kontakt for meir opplysningar og avtale.

Borgarleg vigsel

Borgarleg vigsel
Vigsel Pris Stad
For innbyggjarar i Vang kommune Gratis Kommunehuset
For vigslar som fell utanom lovbestemt gratis vigsel - på kommunehuset 500,- Kommunehuset
Dekking av faktiske utgifter, til dømes reiseutgifter Følgjer statens reiseregulativ