Omsorgsbustadar

Institusjons- og heimebaserte tenster disponerer 15 omsorgsbustader: 2 i Ryfoss og 13 i Vang sentrum. Omsorgsbustad skal bidra til å legge til rette for mestring av daglege gjeremål og at pasient/brukar opprettheld funksjonsnivå lengst mogleg.

Målgruppe for tenesta

Innbyggjarar i Vang kommune som på grunn av funksjonshemming, sjukdom eller skade treng ein annan bustad, og dette behovet ikkje kan dekkjast i privat marknad.

Meir informasjon

Omsorgsbustad blir tildelt etter vurdering av din livssituasjon. Søkjaren som blir prioritert, blir vurdert å ha størst behov. Du kan bli sett på venteliste, men det er søkjar med størst behov på det tidspunktet det er ledig bustad som blir prioritert uavhengig av søknadstidspunkt. 

Bustaden har ikkje fast bemanning, og andre omsorgstenester må søkjast om individuelt. Bustaden har ikkje vaktmesterteneste. Kommunen brøyter og strør vegen til bustaden. Felles grøntareal blir stelt i sommarhalvåret. 

Du betaler sjølv utgifter til straum, oppvarming, telefon og forsikring av eige innbu. Kommunen si forsikring dekkjer berre det som kommunen eig. 

Det er ikkje tillate med dyrehald i omsorgsbustadane.

Nøkkel til bustad får du på kontoret på Vangsheimen når du skriv under på husleigekontrakt. Bustaden skal vera rein og i fullgod stand når du flytter inn.

 Søknad

Kontaktinfo

Stine Solemsli
Leiar Vangsheimen og heimetenesta
E-post
Telefon 90 89 60 12