Miljøretta helsevern og smittevern

Folkehelsearbeidet skal fremje helse og trivsel i befolkninga, gode sosiale og miljømessige tilhøve og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding

Kommuneoverlegen arbeider ca 1 dag pr. veke med samfunnsmedisinske problemstillingar, så som miljøretta helsevern, smittevern, beredskap og liknande. Kommuneoverlegen er sakshandsamar for kommunen på dette feltet, og er godkjenningsmynde etter delegasjon i ein del saker.
Helsetenesta skal bidra i kommunal planlegging, med informasjon om medisinske tilhøve , miljøfaktorar og anna som kan verke inn på folkehelsa.
Tirsdagar er avsett til desse oppgåvene. Kommuneoverlegen kan kontaktast pr. telefon direkte, eller skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.
 

Kontaktinfo

Legekontoret
Ikkje send personsensitive opplysningar på epost
E-post
Telefon 61 36 95 00