Ledsagerbevis

Ledsagerbevis er ei ordning der formålet er å gje menneske med nedsett funksjonsevne moglegheit til å delta på lik linje med andre i ulike aktivitetar, utan å måtte betale dobbel pris/inngangsbillett for å ha med seg bistand.

Ledsagerbevis kan i hovudsak nyttast ved tilstelningar/arrangement/transport der fylkeskommunen er takstmyndigheit eller har gitt stønad. Det nyttast òg godkjenning av ledsagerbevis i andre samanhengar, men dette er opp til kvar enkelt arrangør og er ikkje ei rettigheit. For å få ledsagerbevis må du ha dokumentasjon på behovet ditt frå lege eller andre innan helse- og omsorgsetaten i kommunen. Du må og ha eit passfoto. Ledsagerbeviset er tidsavgrensa. Tenesta er gratis.

Kontaktinfo

Elisabeth Hålien
Leiar Tilrettelagte tenester
E-post
Mobil 99 09 00 13

Adresse

Tyinvegen 5150
2975 VANG I VALDRES