Støtte til ENØK-tiltak

Vang kommune ønskjer å støtte ENØK-tiltak hjå lokale verksemder.

I kommunestyremøte 23.03.23 vart det vedteke ei støtteordning for tiltak, prosjektering og kompetanseheving innan energiøkonomisering (ENØK). Tiltak skal vere basert på faglege vurderingar. 

Søknad om støtte til ENØK-tiltak skal innehalde ei fagleg utgreiing og vurdering av tiltaket. Kommunen vil dekke inntil 75 % av kostnaden. Ordninga gjeld ut året 2023 og er avgrensa til budsjettposten for 2023. 

For rettleiing i søknadsprosessen, kontakt Dag Inge Bruflot.

Les vedtak frå kommunestyret 23.03.2023

Les retningslinjer for tildeling av tilskot

Kontaktinfo

Dag Inge Bruflot
Næringsutviklar
E-post
Mobil 95 87 37 57