Atomberedskap i kommunen

 Norge har beredskap mot atomulykker og handlingar som kan gje radioaktiv forureining og stråleeksponering. Radioaktiv forureining og stråling kan gje helseskader. 

Om ei atomhending råkar oss, vil det nasjonale Kriseutvalget for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss. Kommunen vil formidle informasjon og syte for distribusjon av jodtablettar til born og unge, gravide og ammande

Kva kan eg gjera for å beskytte meg ved ei atomhending?

  • Halde deg inne.
  • Ta jodtablettar (gjeld fyrst og fremst born, unge, gravide og ammande).
  • Dusje om du har vorte forureina.
  • Følgje kosthaldsråd.
  • Respektere styresmaktene sine avgjer om avsperringar, reinsing eller evakuering.

Les meir om korleis du kan beskytte deg ved ei atomhending

 

Treng eg å ha jodtablettar liggande heime?

Er du under 40 år, gravid, ammande eller har born som bur heime? Då tilrår vi at du har jodtablettar heime. Tablettane kan beskytte mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå styresmaktene. Kommunen har jodtablettar som skal delast ut til born og unge under 18 år, gravide og ammande. 

Kven skal ta jodtablettar?

Det er spesielt viktig at born og unge under 18 år, gravide og ammande tek tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha vorte utsett for radioaktivt jod. Det kan i heilt spesielle situasjonar også vera aktuelt med tablettar for vaksne mellom 18 og 40 år, medan dei over 40 år har svært liten risiko for å kreft i skjoldbruskkjertelen, og treng ikkje ta jodtablettar. Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.

Les meir om jodtablettar.

 

Utdeling av jodtablettar i Vang kommune

Kommunen har jodtablettar lagra og vil syte for distribusjon av desse til born og unge, gravide og ammande dersom det blir behov for dette. Jodtablettar skal kun takast etter råd fra Nasjonalt Kriseutvalg for atomberedskap. Utleverte tablettar skal ikkje takast før nærare beskjed er gjeven. 

Dersom du blir utsett for radioaktivt nedfall er det risiko for å utvikle kreft i skjoldbrusk-kjertelen.  Denne risikoen er størst hjå born og unge under 18 år, gravide og ammande. Det er berre i desse gruppene det er tilrådd å ta jodtablettar. Tabletten reduserer opptak av radioaktivt jod i ca. 2 døgn etter at du har take den.

Dosering

Gjeld tablettar utdelt av kommunen (65 mg). Obs: Jod kjøpt på apotek har ei anna styrke (130 mg.) 

Nyfødde yngre enn 1 mnd: 

¼ tablett (16,25 mg)  (gjevast kun under oppsyn av helsepersonell) Helsestasjonen tek kontakt.  

Born 1mnd – 3 år: 

½ tablett (32,5 mg) 

Born 4 –12 år:  

1 tablett (65 mg) 

Vaksne og born over 12 år: 

2 tablettar (130 mg) 

Tabletten kan knusast og løysast i vatn, saft, mjølk, morsmjølk eller tilsvarande. 

Hentestader:

Om det blir aktuelt å dele ut jodtablettar til born og unge under 18 år, gravide og ammande, kan desse hentast frå kommunehuset, Tyinvegen 5161.

Dersom styresmaktene ber kommunane dele ut tablettar til born og unge i skule og barnehage, vil desse få tablettane på skulen / i barnehagen.

​​Det vil komme informasjon på SMS, kommunen si nettside og Facebook om når tablettane kan hentast.  

Ved utdeling til born og unge i skule / barnehage, blir føresette varsla via VISMA 

Enkelte grupper er fraråda å ta jodtablettar 

  • Personar med Graves sjukdom, autoimmun thyreoiditt, hypokomplementemisk urtikariell vaskulitt og dermatitis herpetiformis skal ikkje ta jodtablettar.  
  • Lege bør spørjast om råd før bruk av jodtablettar om det er mistanke om overfølsomheitsreaksjonar for jod.  
  • Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen treng ikkje ta jodtablettar.  
  • Personer over 40 år treng ikkje å ta jodtablettar. 

Moglege biverknader/reaksjonar 

Biverknader er sjeldne. Allergiske reaksjonar førekjem. Enkelte kan få forhøga stoffskifte. Dette er ein av grunnane til at det ikkje er tilrådd at vaksne over 40 år å ta jodtabletter.  

Haldbarheit av tablettane

Tablettane som blir utlevert er merka med ein haldbarheitsdato som er utgått på dato, men Helsedirektoratert sjekkar kvaliteten årleg og byter ut ved behov.

 

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet følgjer utviklinga i Ukraina

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet følgjer med på situasjonen i Ukraina. Her kan du lesa meir om dette.

Vurdering av risiko for drikkevannsforsyningen ved atomutslipp

FHI gjer ei vurdering av risiko for drikkevassforsyning ved atomutslepp, les meir her.